Categories
Tekst

Tiger gjer deg sine beste sjekkereplikkar

Golfspelaren har vore på tunet med lokkemat. Slik blir det egg på deg og!

Golfspelaren har vore på tunet med lokkemat. Slik blir det egg på deg og!TigerWoods

Tiger er ute i hardt ver. Slik går det når du ikkje klarar å holde utroskapet for deg sjølv.  Og mens mange nok har ei høne å plukke med Tiger, har Tiger sjøl vært ute og plukka hønar. No kan du lera av Tiger korleis du kan ha sex med to blondiner samtidig. (Men ikkje HEILT samtidig, red.anm.)

Topp 5 sjekkereplikkar:

  1. Vil du ha ein Tiger på tanken?
  2. Vil du hjelpa meg å øva på puttinga mi?
  3. Kan eg håpa på ein hole-in-one?
  4. Vil du prøva golfkølla mi?
  5. Har du lyst å bli innLEMma i trofésamlinga mi?

Så no er det berre å ta turen til næraste servitrise/realitystjerne og prøva det ut. Og kanskje får du napp? Hugs agn og krok. Og om det skulle gå gale, parker bilen i eit tre og lat som du har mista skoane.

Tekst: fluffy&beeps

3 replies on “Tiger gjer deg sine beste sjekkereplikkar”

Eg prøvde på ei blondine, men ho skjøna ikkje kva eg kvekka om. Så da prøvde eg meg med eit tigerbrøl, men då blei ho redd og løp heim. EG KREV PENGANE TILBAKE!!!!

Sorry, eg gløymde at eg ikkje har brukt pengar på dette. Orsak.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *