Categories
Tekst

Postmannen kjem ikkje lenger to gonger

Forskarar spår nedgang i lausunger med færre postmenn på vegane.
– Kritisk, hevdar ei samla forskargruppe, regjeringa og frustrerte postmenn.

Postmenn er kjent for å levere på både eine og andre måten. Etter halveringa i talet på leveringsdagar, varslar forskargruppe nedgang i nye landsmenn.

Tala er skremmande lesing, konkluderer ei post doc-avhandling Fleibede har fått tilgang til. 

Forskargruppa ristar oppgitt på hovudet når dei blar seg gjennom tettpakka Excel-ark. Dei skjønar ikkje driten av ein haug med tal utan forklaring, så dei prokrastinerer å sortere dei.

– Ein fin jobb for sommarvikarane!

Det er det forskargruppa bryt ut i fleirstemt eintal.

Fleibede-redaksjonen har allereie gitt opp, og har sletta fila frå Min datamaskin.

Postens sommarkassett og andre filosofar

Erna Solberg blir presentert for tala. Ferietida ligg over regjeringa og me blir invitert til tricolor og vaffelkjeks i den koselege, men litt rotete heimen ho delar med sin husbond Sindre.

Ein heilt vanleg dag i stova til Erna Solberg.

– Eg har jo alltid fronta posten, kjøpt sommerkassettar kvert år. Du har vel høyrt den med “poste restante og post deres onkel”? 

– Hehe.

Difor har eg vore så opptatt at me treng fleire barn i Noreg. Nokon trur det er fordi eg vil ha meir skattepengar. Eg skal ikkje halde det skjult også, men det er fordi eg er så glad i Posten, veit du. 

Statsminister Erna Solberg

– Så du skjuler to ting?

– Jo fleire barn, jo meir post, parerar ho. 

– Men no ser eg jo at me også treng meir post for å lage fleire barn. Det blir jo som eit filosofisk paradoks. Eg får vondt i hovudet, men skal hente fram Nietzsche-albumet mitt, så ser me på bileta i lag.

Me høyrer eit sukk frå Sindre. Statsministergemalen konstaterer at det drypp under vasken for fjerde gong på to veker. Han viklar seg inn i Postmann Pat-sengesettet sitt, medan Erna i staden set på favorittepisoden av den rødhåra krølltoppen frå midt-England.

– Eg kjenner meg att i ho gamla på postkontoret.

– Mrs Goggins?

– Ho med Google-namnet, ja. Eg brukar Google til alt. Men, altså, ho er som meg. Holder alt i orden og passar på bak pulten, medan forvirra menn spring inn og ut att og rotar til enno ein gong. Og sånn går stortingsperiode etter stortingsperiode.

Frå Miss til gamal jomfru

Brått ringer det på døra. I og med at Erna sit og klappar takta til “Med sin svarte og kvite katt” og Sindre har lagt seg, er det me som må opne ho (døra, altså, red.anm.). På utsida treff me på ein frustrert ung postmann med brennheit postlevering klar i posen.

Han vert ganske perpleks når han ser oss, som om han venta å møte nokon andre i døra. Men profesjonell som han er, blar han raskt opp i sitatboka si.

– Me lever for å levere, seier han stolt.

– Litt som “Please Mr. Postman”?

– Høhø. No milk today.

Postmannen rødmar. Han retter på den vanntette uniforma og stramar beltet. Han har i alle høve vore på introduksjonskurset for nye medarbeidarar og lært kva han skal seie, noterer vi på blokka.

Men me er ikkje ferdig med pistolintervjuet og fyller vanngeværet på ny fra dryppinga under vasken på kjøkket i statsministerboligen. Postmannen tek det no våte bladet han skal levere frå munnen.

– Eg har alltid levert, eg. No jobbar eg mest i posten fordi eg har så mykje barnebidrag å betale. 

Frustrert postmann

Han får støtte av røyrleggaren som plutseleg parkerer ved sida av og må ha tjuvlytta på samtalen.

– Javel, du er her igjen, du også? Du må jo forstå at det ikkje berre er postmenn som har 5 fine frøkner på spelelista. Prikk, prikk, prikk.

Slik vil jo Erna sitt filosofiske paradoks også omfatte fleire røyrleggarkundar og røyrleggjarar også!

Det siste utbryt me ekstatisk. Me føler oss opplyst og legg det til på tidslinja vår, medan dei to yrkeskarane spaserer som søte turtelduer tilbake til bilane sine.

– Men med politikken i posten no, blir vel dykk postbud meir som gamle jomfruer? ertar røyrleggjaren syrleg, medan han et ein sur lykkefisk frå Nidar.

– Likevel er eg stadig optimist og ringjer minst to gonger. Ein konfirmasjon frå eller til spelar lita rolle no.

Frå trammen kan me ikkje seie om det kom fra postmannen eller røyrleggjaren. Men ut frå dagens hendingar kan me konkludere med at den brennheite leveransen og den dryppande krana tydelegvis kunne vente til i morgon.

Tekst: fluffy&beeps
Bilete: beeps

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *