Categories
Tekst

Lappar på bålet set sinnet i kok

Korleis bodskapen frå USA også når minoritetar i bakebransjen.

– Den grusomste annonsa, eg har sett, utbryt Ante Valente, kjendiskokken frå TVNorge sine glansdagar på 90-talet.

– Eg blir heilt mållaus. Jatta, jatta, jatta.

– Ja, slik er verda blitt, rasismen breier om seg. Det er sørgeleg, kommenterer ein 17 år gammal hospitant fleibede.no har tatt inn for å gi grundig erfaring i journalistikk. (Samt å skifte det øydelagde lysstoffrøyret i taket på kontoret, red.anm.)

Varm i ass’en

– Ka faen? Jævla arrogante søring! Ante blir rød i andletet.

– Søring? Men du har jo sjølv budd i Oslo sidan før fleibede.no blei fødd? Sikker på at du ikkje berre ser verda med skylappar?

Fleibede.no sitt sannheitsvitne parerar, medan ho les opp frå huskelappen der ho har skrive gode argument for å lage ein konflikt i saka, slik ho har lært av forelesarane i journalistikktimane ved medier og kommunikasjonslinja på den lokale vidaregåande skulen.

Jukselappen til fleibede.no sin hospitant

– Og difor skulle eg ikkje bry meg om indirekte truslar frå ein bålpanneprodusent?

Ante både skrik og ular i same setning, før han oppgitt klaskar på si eiga panne. Ei lokal oppskrift lapskaus sprutar ut av ho. (Panna, altså, red.anm.)

– Så du meiner at Espegard har tenkt å slenge lappar på bålet? Det er jo grusomt å skrive, er det ikkje?

– Pysete er eg ikkje. Når du har ein tush som meg kan det lett gå ei kule varmt, om du skjønar? 

Ante løftar sexy opp buskete bryn.

– Blink, blink, ikkje sant? Eg kan kunsten å vere lappen som overraskar rundt bålet. Nett som det står i annonsa som eg eigentleg er fly forbanna på.

Hoftene hans vrikkar ustanseleg i ein heftig lappdance. Tenåringen vår har mista tråden frå både saken og strikketøyet ho skal levere i kunst og handverk, og føler alt er blitt ei skikkelig lapperøre.

Pytt i panne

Hospitanten vår har trekt kølapp og venter på å snakke med produsent Espegaard. Med høge skuldre, lav panne, full konsentrasjon og tom mage skulle ho ønske ho hadde smakt på Antes lapskaus før ho drog vidare.

Ein mann med pannelugg tek ho imot. På navnelappen står det “Pål Spanne, bålpannedirektør”. I ein eineste lang monolog ytrar han at kritikken frå Ante vert mottatt med knusande ro.

-Pytt, pytt.

-I panne? 17-åringen skuler moglegheita for ein matbit.

-Panner kan vere så mangt. Og du treng ikkje bålpanne for å steike lappar. Du kan gjere det i både steikepanne og langpanne. Eg har til og med høyrd om folk som har steikt lappar på takpanner også. Men i og med at me ikkje produserer slike panner må du ikkje skrive om det. Då får eg markedsavdelinga på nakken.

Hospitanten klør seg i panna då ho vert kasta på dør. Med ein tilgodelapp på Espegaard bålpanne i handa, sett ho forvirra kursen tilbake att til Ante og lapskausen.

Svidde lappar

På kjøkkenet til Ante har det gått ein smule varmt i panna. (Den nevnte lapskausen, red.anm.) Truslane hagler om at noko må svi.

– Men som mesterkokk kan eg ikkje vere med på at dei lappane dei skryt av å ha kasta på bålet blir svarte heller. Lappar skal ikkje vere svarte.

Same kor mykje den lettskremde hospitanten ikkje vil tenkje på det, tenkjer ho på den filmen, du veit.

– Og når dei er så svarte hjelp det ikkje med syltetøy, i alle høve.

– Men sprit då? prøver hospitanten seg. Ho har med ei lerke som fleibede.no sin utsendte tok med seg frå Kiel-ferga etter møte med Jens Weissflog i førre artikkel.

Ante jublar høgt i sky, og samen ringjer dei våren inn på ny.

Når dei ein gong neste ettermiddag tittar fram frå uren, er både gårsdagens diskusjoner og den provoserende annonsa borte frå minnet.

Og hadde det ikkje vore for at hospitanten pliktoppfyllande hadde notert underveis på laptoppen, hadde denne saka aldri blitt lappa saman.

Klapp, klapp på skuldra og minst ein firer på vitnemålet, trur redaksjonen.

Tekst: fluffy&beeps
Bilete: DetStoreInternettet

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

%d bloggers like this: