Categories
Tekst

Hyttefolket bles liv i vindmølledebatten

– Me vil øydeleggje naturen med hytteutbygging, ikkje vindmøller.

Det lagar i alle høve lyd, det treet som faller i skogen. Om det kun er fordi me har møtt opp for å dekkje den pågåande vindmølledebatten, er heller uvisst. Men store stammar faller overende som dominobrikker som ikkje vert nytta til å spele domino med. 

Demolition man

Mellom barken og veden, og infernoet av granbar og småflis, kjem intervjuobjektet vårt gåande. Som Bruce Willis i Demolition man, tenkjer vi. Det er hytteeigar og hytteutbygger Øyvind Møllevik frå Vindafjord. Ein mann som tydeleg har drukke si dose Møllers tran (Med sitrussmak, journ.anm.)

– Bruce Willis spela ikkje i Demolition man, seier han.

Dette blinkskuddet av Øyvind fekk me knipsa med mobilen

– Særleg, parerer me.

Øyvind knyter eit tørkle om hovudet. Denne filmdebatten tapar me.

– Vindmølleutbygging gir øydelegging av naturen eit dårleg rykte. Me har avskoga Noreg til fordel for hytter i mange tiår no. Ingen har klaga på det. Men no er det kamp. Og me må skunda oss å byggje hytter her før dei får satt opp møllene sine. Jo fleire møller, jo færre hytter får me smelt opp. Du veit berre, pang, pang, pang.

Øyvind latar som han skyt med to mitraljøser ut i lufta. Har han lettkledde kvinns på utedoen, undrar me.

Nordavind frå alle kantar

Dei vise seier at vinden står i døra same kor du snur huset. Og midt i debatten som føles som nordavind frå alle kanter, har Øyvind stadig snudd seg rundt og skapa storm. 

Ein mann som i sakens motvind har rive seg i håret så mykje at han no ikkje har noko hår att. No har han innsett at flintskalle er betre enn parykk.

– Ja, den bles jo berre av. For noko møl(l). 

Han teiknar parantestegn i lufta og blunkar halvt med venstre auge, som om eit insekt sit der.

– Og no likner eg endå meir på Bruce Willis. Du veit, han som ikkje spela i Demolition man.

At vinden i frå høgre snart vil snu

Det vakraste hytteentusiasten veit er å finne seg ei strand og ha fire kalde pils nedi vannet. Difor har han klaga vindmølletrusselen inn til både sivilombudsmann, fylkesmann og Arne Jensen ved fleire høve. 

Men no har han gitt det opp, då klagane berre ender opp i ei stor papirmølle. Saman med andre hytteeigarar har han heller starta eit hylekor. Særleg tek dei for seg Halvdan Sivertsen sine viser.

– Me skal hyle høgare enn møllene og har allereie hatt øving på grendehuset. Der hylte me så høgt at det vert søkt om fellingstillatelse på ulv. Så me er på god veg.

– Men når du kryp til køys og frys på beina, held det då at du får låne deg ei dyne og ein arm?

Til svar får me får servert ein noko uvanleg konsert. Etter å ete både hassel, valnøtt, cashew og peanøttkubbe i pausen, kjem nøtteskrika som knuste glas på ei snor frå grendehuset. 

Som eit gufs frå aust

Og som dei skrik i skogen får dei svar. Vindmølleutbyggarane har høyt naturens kall og møtt opp dei også. Dei vil også mure sin del av naturen. Frå anleggsmaskina straumer “Winds of Change”

Under mottoet “Når forandringens vind bles, kan du velge å bygge levegg – eeeller vindmølle”, med tre e-ar, forsøker dei å dra nytte av vinden, fremfor å stoppe han.

Øyvind gnir faktor 30 på issen, medan vindmøllepionér og møllerens sønn, Johannes Schytte-Feldt vert senka ned i rolig trav på ei medbrakt tredemølle. (Som sjølvklart er drive av straum frå etablerte vindmøller, red.anm.)

– Som hedmarking har eg jo vakse opp med den irriterande vinden frå eg vart fødd. Endeleg får me bruke han til noko fornuftig, seier han elektrisk.

Han tek ut øyrepluggane etter økta og setter Marcus og Martinus på pause. Tek seg eit møllehjul med brunost for å få opp karbonivået.

– Tenk kor lite karbonavtrykk denne ville hatt om eg hadde steikt han på varmluft med vindkraft, seier møllarguten frå Etnedal. 

– Er det ikkje sannsynleg at det er vasskraft, då? spør vi og undrar på kvifor han sannsynlegvis valte over- og undervarme.

Men om me høyrde treet som falt i skogen i stad, høyrer me ikkje svar når me ropar i alle høve.  

Som ein fjert frå Sergio Leone

Det gjer overgangen naturleg til neste punkt på blokka vår, for Øyvind må vel vere enig i at hytter også treng straum? 

Men då me stiller han spørsmålet får han plutselig anna å tenkje på.

– Orsak, seier han brått. 

Me forstår snart at den vinden som nettopp passerte produserer noko heilt anna enn elektrisitet, men ljoden vart heldigvis overdøva av vindmøllene som har blitt konstruert på rekordtid. 

Pausa nyttar me til å hurtiglade mobilen og listar oss heimover før ulvejegarane også dukkar opp. Sannsynlegvis armert med meir enn møllekuler.

Duellen til den trioen turde ikkje eingong Sergio Leone slengja opp på lerretet.

tekst: fluffy&beeps
bilete: beeps

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

%d bloggers like this: