Categories
Tekst

Alt om fluorfrykt i langrennsmanesjen

Fryktar Karius og Baktus i tannparken med nytt fluorforbod.

– Kjekkare når diskusjonen var kring astma, seier ein skjeggete skiløpar som helst vil vere anonym. Han stryk over det lyse skjegget. Redaktøren lar han vere anonym.

Stolte, anonyme langrennsløparar viser villig frem før- og etterbileter. (Me gløymde å notere kva som var kva, journ.anm.)

– Heime hos meg har det vore fluorfritt i fleire år. I alle høve i barnerenna. No har eg nettopp fått, om ikkje eit par, men i alle fall ein til i miniskiparken, så slik vil det bli vidare òg.

– Så eg er klart positiv. Men ikkje slik eg var positiv for nokre år sidan, altså. Ta med det i saka. Eg er rein no. Vaskar meg med Lano for liten.

Anonym skiløpar med skjegg og barnehageutgifter

– Og for stor?

– No skjønte eg ikkje spørsmålet ditt, seier han, rettar på capsen, opner laptopen, og skriv inn “skiløpar” på FINN jobbsøk.

Å, korleis skal no dette gå?

På kvinnelandslaget finn me også ein anonym skiløpar som faktisk er på laget og som faktisk vil uttale seg.

– Eg elskar jo å smile etter eg har vunne, kanskje eg må bli nummer to no? 

Anonym skiløpar frå lita bygd, ironisk og supperask (som Madshus Nanosonic IGS, red. anm.)

Eit rask, syndig smil breier om seg. Truten syner forskjell etter mindre fluor, men munnsåra er der framleis.

– Tannlegane oppmoda meg til å bruke tanntråd, men i bygda der “je kjemifrå, der lik vi øss best uten en tråd”. Høhø. 

Sjølv om team fleibede har levert fluor til gjenvinningsstasjon for lengje sidan, må me stille spørsmålet alle lurer på:

– Kor mye saktare kjem du til å gå utan fluor i toalettveska di?

– Eg kjem til å tenke på dei ureine tennene heile rennet. Konsentrasjonen kjem til å gå rett i vasken. 

Hei hurra, hurra, hurra! Vi to har det jammen bra

Astrid Uhrenholdt Jacobsen har nettopp stått opp.

– Eg er berre glad eg har lagt opp.

Astrid Uhrenholdt Jacobsen, pensjonist

– No kan eg pusse tennene i fred, seier ho, gurglar høgt med fluorskyll, og legg seg i senga att.

– Så då drit du i alt og køyrer med den gamle skiparken også?

– Skispark meg bak.

– Me tenkte på skiparken.

– Me too, seier ho, blunkar med det eine auge og pakkar ned sleden for sesongen.

Ingen loff med sirup på

– Buona Cera! Alt som var av raskt og godt det er borte stort og smått, seier Åge Skinstad i Swix. 

Heile vinteren har han gått rundt og sagt at no skal bedrifta hans lansere noko enno raskare enn fluor. 

– Alt er mørkt som F… Ikkje Cera F, eingong. Kanskje Nero?

Åge Skinstad, Swix

Vi møter han på Mølla-bar, ein mørk kveld i juni. Gladguten er blå. (Som favorittsmurninga til Team Fleibede når dei ikkje smører med noko varmt, klissete og raudt, red. anm.)

– Alt har børsten feiet bort, det er veldig dårlig gjort.

Han forsøker å tømme Lite-ølen, men den sett seg fast i det klissete klisteret han har sikla på.

– Eg har ikkje tenkt å bli tjukk heller. Han skuler ned på lokala til Swix.

Me er usikker på om det er skibørsten som har vore for hard etter påføring av glider, tannbørsten til Åge som har vore slem eller om det er noko sterkt i den Lite-ølen har ikkje får i seg.

Her er ikkje noko nå, ingen karamellar små

Andre stolte skinasjonar i det store utland har gått imot forslaget. Med slagordet “Ikkje gjer som FIS seier, ikkje gjer som FIS seier.” er dei i gang med samlesøksmål.

Jens Weissflog samlar argument nedpå sletta i Garmisch-Partenkirchen. (Trykker du på lenka får ikkje teamet betalt, altså, om det er det du trur. Journ. anm.)

– Før måtte me berre smøre ski, no må me smøre loff med sirup på også!

Han målar eit stort utropsteikn bakpå plakaten han har rappa på Lidl. På framsida lokkar billigkjeda med deilige bratwurst og yoghurt med skogsbærsmak. Kva no den smaken er.

Jens leiter febrilsk etter fleire hardtslåande argument.

“Hòl i tennene – mindre aerodynamisk?”

Jens Weissflog, smører både ski og brødskiver

– Er det så lurt å ha spørsmålstegn på ein slik plakat? lurer redaksjonens utsendte til Tyskland. 

Det kjem ikkje noko svar, så det noterer den utsendte på baksida av handlelista frå redaksjonen til Kiel-ferga heim.

Tekst: fluffy&beeps
Bilete: beeps/Granada(wikimedia commons)

One reply on “Alt om fluorfrykt i langrennsmanesjen”

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *