Categories
Tekst

Slik senker storkapitalen kajakken til lille høvding

FLEIBEDES AVSLØRTE BONDEPIKER: Men ikkje alle er krenka!

Denne veka har vi satt søkelyset på krenka sau og fuglar som drit i naturen. Men ein sak har fleire sider, både oddetal og partal. Ein som berre har eit fjes er inuitten Mogens som ikkje heng med på det krenkande hylekoret.

– Nei, det gjer eg ikkje. Tvert om, seier han og viser til forrige setning.

– Ved å selje dette andletet får eg ubegrensa tilgang til pin ups. Kva hadde du gjort? 

Dette er saka:

Diplom is vurderer å endre inuitten. Hatting fasar ut Høvding. Går søken etter å vere politisk korrekt utover anna enn grafisk design og markedsrapportar? 

Fleibede-redaksjonen er klare for å gå til bunns. I alle høve lappar vi kajakken, bleiker tennene og bestiller ei gammal forskingsskute som skal ta oss heilt nord i Atlanterhavet. 

Mogens tek oss varmt imot, og byr på det eine og det andre.

Tindrande ljos i kveld

“De er ved godt håb i Nuuk.” Slik lyder første setning i den Amundsen si kjende bok “Blant mamelukkar og iskræm i arktis. Ein fransk visitt på Grønland.” 

Ei bok som har vist seg å vere særleg populær på biblioteket på Tøyen. Men det er ei anna ishavssoge.

Den grønlandske metropolen ligg bada i eit varmt kveldsljos då me sakte glir inn mot kaia. Her er alt vi ventar å finne i ein verdsby: Bilar med dunkande rapmusikk, skudd frå eit halvautomatisk våpen, ondsinna sladder, eit yrande natteliv, alvor og refleksjon. 

Som i eit kjent arabisk land er også denne innseglinga etter 1001 sjømil prega av ei unaturleg palmeøy midt i bukta. Eit par gjer si daglege yogarutine der, medan fønvinden ruskar i mankiniane deira. Dei tek på seg selskinna att, det blinkar i store kjede rundt halsen. 

Jo, dei er ved godt håp i Nuuk, tenkjer vi.

Vår nye ven Mogens er, som han seier sjølve, 100 % inuitt på sin hals. Resten av kroppen kommenterar han ikkje. 

Vi vel å kalle han eskiMogens. Han seier vi ikkje får lov og tek oss med til det verkelege Grønland. 

Vi er litt redde for at vi har fornærma han. Kanskje han vil ringje SOS Rasisme. Men så kjem vi på at dei er i ei rettssak og vi pustar ut og smører oss med Antibac.

– Luksusartiklar frå Kina kan dei berre ha i København for meg, seier har innbitt og kostar smular frå det som må vere selskinn. Han brettar ein lapp under teppet. Vi rekk berre å sjå KEA bakerst på den. Kanskje det er noko lokalt, oppsummerer redaksjonen etter nærare omtanke.

Han ber oss ta plass rundt bålet. Flammane slikkar seg oppover. Ei duft av råtne egg kjem frå bålet si innerste sjel. Det er vel slik det lille av trevirke her lukter, tenkjer vi helt samstundes, utan å vite at den andre av oss gjer det også. 

Tankerekka blir brutt av Mogens.     

Gjerrigknark til sals

– De skjønar vi inuittar har alltid selt oss billig. Vi er jo gjerrigknarkar. Berre sjå på kajakkane våre. Kjøper me noko solid i aluminium eller plast. Eventuelt jålete glasfiber? Nei. Me drep ein sel og bruker skinnet. Ikkje kan vi svømme heller. Livsfarleg, ja vel. Sabla billeg? Nettopp.

Mogens lev ikkje av kajakken og spydet, slik Amundsen skildra. 

– Nei, Amundsen skreiv om oldefar min Bent. For ein dust. Skal du først jobbe medan du sitt på ræva kan du i alle høve bruke computer.

Sjølv har han nytta IKT-kunnskapane sine til å administrere lokale patent.

– Å selje oss billeg, det er det som har skapt alt dette. 

Det glitrar i dei fuktige augo, slik ein stolt erobrar sikkert ser utover det nye landet han er kome til. Som ein Eirik Raude. Ein herskar. 

– Bortsett frå at han Eirik var ein utlending, då, kommenterer Mogens tankane våre tørt.

Han skrur på “Money talks” med AC/DC på iPhonen sin. 

– “i” for inuk, parerar han.

– For kva kan me kreve lisens for då? Om me ikkje får selje oss på same måte som influenserar eller Paradise-deltakarar? Trekker Diplom is seg reduserer det BNP drastisk for oss.  

Eit patentsmørbrød

– På ein urfolkskonferanse uttrykte kollegaer av meg der i uniten det same. Ja, ein same også. Dei hadde visst no eit problem fordi reinsdyrkakene deira går frå boks til papir, og vidare no frå urnamn til tullball.

Ei tirade av kritiske røyster ramlar ut av truten. Dei handlar mest om pølsebrød.

– Men eg klarar meg. Kanskje. Eg har i alle høve PinUp-kalenderen å varme meg på når det er tomt for is. 

eskiMogens

– Dessuten har eg ein høvding i buksa. Danskane skal ikkje få ta frå meg den, seier den stolte inuken Mogens, der han slengjer ei rød pølse på ein pinne og held han over flammane.

Vi takker nei til pølse. Vi er litt usikre på røyksmaken. Dessuten har vi gassa oss med eit patentsmørbrød frå byssa før vi kom i land. Vi klappar oss på magen, kjenner enno smaken av karbonade og eggeplomme. 

Mogens forstår. Sumarkroppen er viktig. Men ein pin-up frå Diplom-is til dessert takkar me gladeleg ja til. For det store engasjementet dei byr på her tek me av oss hattingen for.

Tekst&bilete: fluffy&beeps

Leave a Reply

Your email address will not be published.

%d bloggers like this: