Categories
Tekst

Russartida er ikkje som før

Digital feiring av den viktigaste tida i livet faller ikkje i smak hos alle.

Det er midt i mai. Ei tid der gatene til vanleg er fylt med folk i matsjande og marsjerande kostyme med hattar til. I kortvarig kameratskap, samla kring ei felles oppleving mange ikkje hugsar i etterkant.

Men ikkje i år. Pandemien har satt ein stoppar for årets markering, noko russarpresident Vlad Putin ikkje er vidare nøgd med. Via chatroulette kjem me plutselig i kontakt med festguten.

– Det er som russisk rulett! Eg hadde jo lagt all mi prestisje inn i dette. Har tilogmed laga russarkort. Me får ikkje lov til å dele dei ut, så dykk får sjå det digitalt.

Me myser mot skjermen og sjår på kortet han held opp.

– Me hadde lagt store planer for russarknutar også. Men det er ikkje like lett å få det til når alle kameratene mine sit på kvert sitt rom med messenger og snapchat.

Vlad forsøker å reise seg opp, men endar med å tryne så det syng. (Ein balalaika-melodi, red.anm.). Me konstaterer at jo, han har klart å knyte seg fast i stolen, men det får han ikkje eit stikk i lua for.

Me rister av oss den rare setninga me nettopp skreiv.

– Men korleis skal eg no kome meg laus?

Gjennom eit stort sikkerhetshól i Zoom høyrer me rop om hjelp frå Vlad. Han ikkje kjem seg nokon stad. Ikkje til Kongeparken heller. Men at russartreffet vert avlyst, nei, det ser han ikkje like tungt på.

– Det er gjerne like greit, me er jo ikkje akkurat rojalister, heller, seier han med tunge augelokk etter å ha døgna.

Snittar og Antibac

Noken som er nøgd med utviklinga er blåskjortane på beste vestkant. Etter å ha smørja oss inn med antibac får me lov å komme inn i lokala deira for kaffe, snittar og ein alvorsprat.

– Endeleg slepp me at dei paraderer gatane på 17. mai som den raude arme. Eller heiter det paradierer?

“Parodierer”, kjem det alvorstynga frå høgre kant. Men det ordet blir nedstemt av gutteklubben grei.

Nett som i Noregs flagg er det me blå som må skilje dei raude frå kvarandre, så dei ikkje hopar seg saman.

Blåsjortane er så engasjerte at snittane flyg. Roastbeef pynta med mandariner frå boks gjer seg overraskande godt som frisbee.

Me forstår ikkje heilt samanhengen, og kva dei vil fram til med dette fargespelet, men forsøker oss på eit oppfølgingsspørsmål.

– Kva tyder då det kvite?

– Mjølk?

Den blåøygde assistenten stikk hovudet inn døra. Men me likar kaffien svart.

Framtidsplanar

Tilbake i på internett har Vlad byrja å sjå framover. Han kikkar no rett i kamera.

– Til neste år er gjerne alt som normalt att. Men då er jo ikkje eg russarpresident lenger.

Han synk saman på gulvet, medan knuten kring stolen vert stramare og stramare.

– Eller kanskje eg kan bruke makta mi til å endre reglane slik at jeg kan vere russarpresident til evig tid?

Vlad Putin

Andletet hans endrar seg brått frå fortvilelse til ein aura av reformasjon då han ser sitt eige sitat.

Forbindelsen vert brutt, medan ei merkeleg småkake med kyrilliske bokstavar har lagra seg på maskina til redaksjonen.

Tekst: beeps&fluffy
Bilete: beeps / kremlin.ru

Leave a Reply

Your email address will not be published.

%d bloggers like this: