Categories
Tekst

Måte på kor mykje folk måler seg sjølv

Opphevingen av koronatiltaka blir ikkje like godt tatt imot av alle. Møt Bent Høie i lystig lag med Målfrid Stokke.

Industrileiar og tidlegare juniorkeeper Målfrid Stokke kan bokstaveleg måle koronatiltaka på heile kroppen sin. (Bilete er teke med blits, fotograf anm.)

Dei fleste jublar no over opphevinga av smitteverntiltaka. Andre svir sjølv om dei har brukt solkrem.

– Pass på, mykje UV for tida, uttalar ein meterorolog som har måla i orden.

Etter at avstandsregelen vert fasa ut, spøker det for framtida til den tradisjonsrike Stokke-bedriften “Topp på bånd”. Du veit, dei som har sitt store mål om å levere tommestokkar til alle.

Me møter den tidlegare målvakta for Stokke IL, Målfrid Stokke. Etter ei lovande juniorkarriere for jenter 16 valte ho å ta over familieimperiet. No er ho tredjegenerasjons produsent av den klassiske Målestokken. Lageret på fabrikken er no fylt opp att etter målebonanzaen i mars og april.

“Alt kan måles” står det over inngangsdøra. Men fabrikken i Stokke kommune held ikkje lenger mål, seier regnskapet. Likevel var det ei tid der det omtrent ikkje var mål for den enorme likviditeten.

Og det for ein bedrift som alltid har tatt mål av seg om å vise konkurrentene kor målet står.

– Tømmerstokkar, måleband, panneband og slike sånne derrane svetteband på armen, veit du. Dei var poppis!

Målbar nedgåande kurve

Mars, 2020. Coronatiltaka settast inn. Ein meter. To meter. Smittevern kan også målast.

Inni seg tar dei ein liten dans, dei tilsette på den lille målefabrikken. Endelig held dei mål. No blir det kotelettar på sumaravslutninga, ikkje berre den der halvtrendy pastasalaten.

– Me var tidlig ute med alle variantar i katalogen. Våre tilsette auka produksjonen og målte seg med dei beste i verda. Men no fasar dei ut avstandsregelen. Kva skjer då med oss produsentar av tommestokkar?

Målfrid gjer oss ein post-it lapp i skjul, sjølv om det berre er oss som er i dei digre lokala.

Ho har satt auga i oss, som eit stille skrik om hjelp. Blikket vikar ikkje ei tomme, noko ho fiffig syner ved hjelp av ein tommestokk, tydelig profilert med logoen til “Topp på bånd”.

Me opnar lappen. Der har ho i eit perfekt oppmålt rutenett skrive sine kjensler i stikkordsform:

“Harde tider. Ingen produksjon. Permitteringar. Oppsigelser. Ingen mål i livet. Alle er så negative. Å, eg trur eg går og hengjer meg. Nei, da. Ikkje set siste. Det ville vore LOL, lzm. Men hasjtagg FML, i alle høve.”

– Regjeringa må komme på banen med ei krisepakke, seier ho avmålt, før ho kjem med si eiga forslag til løysing.

– Til dømes kan alle nyfødde få eit eget målesett av staten i gåve, og gjerne ei flaske hånddesinfeksjon også, slik at me kan få Antibac med på laget!

Målfrid (positiv)
Ei slik krisepakke ser Målfrid føre seg. (Illustrasjonsfoto: fleibede.no)

Målfrid er nøgd med sitt eiga forslag, og sender ballen over til helseminister Bent Høie for vidare handsaming.

“Heilt på gjennomsnittet, og vel så det”

En litt skitten 5er ball med bokstavane SELECT Eliteserien. Dei velstelte ministerneglane klemmer lett på den. Han måler ballen med blikket og humrer litt i skjegget.

– Eg har no målt meg, eg også. Og eg kan bekrefte at eg er greit over snittet for befolkninga. Og vel så det, hø, hø.

Utsnitt av tommarstokken til Bent Høie. Faktasjekkarane i redaksjonen kan korkje avkrefte eller vere samstemde i måla.

Han har det travelt i desse tider, helseministeren, så vår tilmålte tid er over før me i heile tatt har fått stilt eit oppfølgingsspørsmål på det me aldri spurte om.

Om argumentasjonen til Målfrid har Bent derimot berre ein ting å seie:

– Den er utan mål og meining.

Tekst&Bilete: fluffy&beeps

Leave a Reply

Your email address will not be published.

%d bloggers like this: