Categories
Tekst

Krenka ulldottar og anna fjørfe

Sterke merkevarer står for fall. Det er ikkje berre eskimoar, små høvdingar og joikande samar som føler seg krenka.

Hils på Merino og Svanhild. Dei vil gjerne snakke med sjefen.

Dei har det svare strev, dei tilsette hos Forbrukerrådet. Telefonane kimar som kyrkjeklokker i konfirmasjonstid, men det er dårleg med velsigna ord i andre sida av røyret. Sveisen til kundemottakaren me treff i skranka står rett bakover etter skyllebøttene ho har tatt i mot til no i dag. Og klokka er berre halv ni.

– Dei er krenka heile gjengen. Urfolk, dei sjuke, alle saman. Tourettes syndrom og lesbiske mødre. Eg gir opp.

Telefonlyden vert blanda med bjelleklang når sauen Merino sleng klauvane på disken. Ho har ei høne å plukke med Lambi toalettpapir, på vegne av sitt nyfødde lam, Ulla.

– Når folk no ser på lamma våre tenkjer dei berre på drit. Og dei som kan bli til deilige lammekotelettar og alt mogleg. Det kjem til å gå ut over barna våre sitt rykte. Eg er krenka!

Merino brekar ullent, og gret ei tåre. Me tilbyr ei rute Lambi for å tørke tåra, men vert møtt med eit fårete blikk. Tåra landar silkemykt på sekspakninga med toalettpapir me tilfeldigvis har med oss, for så å gli langsamt over svanemerket på pakka.

Eit miljømerke til brydderi

Ein fugl kvitrar oss i øyret om at svanane har ein liknande historie å komma med. Via ein hemmeleg kjelde kjem me i kontakt med Svanhild, som legg nebbete ut om sitt anstrengde forhold til Svanemerket.

– Eg drit i miljøet. Eg drit i det meste, i grunn. Ikkje brukar eg dopapir heller. Og så skal me assosierast med miljøhysteri! Eg er krenka!

Me forsøker fjørlett å pensla over på klimaendringar, og kva det vil kunne bety for hekkeplassar og svaneungane si framtid.

– Eg trur ikkje på svaneskapte klimaendringar. Skal me kjenna på flyskam berre me løftar på vingane? Dessuten har eg ordna meg ei Svane kontinentalseng som hekkeplass, så eg har nok å henga vingene i.

Vår kommentar om at me trudde svanar var mogoname, vert raskt avbrutt då det ringjer på døra. Me blir jaga ut, medan lausfuglen Svanhild bruser med fjøra og tek imot neste klient.

Ei tid for endring

For å imøtekomme fjørfea sin svanesang, vurderer Stiftelsen Miljømerking no andre alternativ til symbol for merkinga. Pressekontakten deira fortel at dei har vore gjennom ein lang og dyr analyseprosess. Dei har vurdert forslag som Ole Ivars, ei løvetann og ein sixpack med egg. Ho meiner no dei har landa på ein god konklusjon.

– Me måtte finne nokon som var for klimaet, så me har endt opp med Greta Thunberg. Sjå på merket, er det ikkje flott!?

Presseansvarleg i Stiftelsen Miljømerking

Hos Lambi riv dei seg i ullgensaren når me fortel korleis saken har utvikla seg.

– Ikkje nok med at me gjerne må skifta namn! Med Thunberg-merket vert det sikkert strengare miljøkrav også. Du skal ikkje sjå bort fra at me endar opp med å måtte selje dottar med mose i staden.

– For noko drit. Set seg fast gjer det sikkert også. Grønt skifte, right, grønt skifte meg i ræva.

I det me skriv ferdig saka, går det opp for oss at me berre har kvinnelege kjelder. Det er det heilt sikkert også nokon som vert krenka av.

Tekst: beeps&fluffy
Bilete: beeps

One reply on “Krenka ulldottar og anna fjørfe”

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *