Categories
Tekst

Arva etter heimekontor – med Teams i underbuksa

Abstinens og kaos preger ein arbeidskvardag uten Microsoft Teams. Men det finst ei løysing!

Stadig fleire bedrifter opnar opp for vanleg drift etter månader med heimekontor, møter via Microsoft Teams eller hemmelege stevne i Zoom. Men tilbakestillinga har ei bakside, skildrar dagleg leiar i røntgenleverandøren Rayoffence, Toremann Romsdal. 

Me fekk atlså lov å vere til stade då dei opna opp kontoret for dei tilskvetne, negative tilsette. Klinka smyg nedover som ei myk leopardklo når Toremann møter opp bak døra.

– Orsak. Eg er ikkje vant til å kle skikkeleg på meg før jobb, så i dag gløymde eg å ta på meg buksa. No offence.

Arbeidsdagane i Rayoffence er ikkje slik som dei var før pandemien.

Bedriften til Toremann har klart seg bra gjennom den tøffe tida, proklamerer han kjepphøgt og svinger stolt rundt slipset sitt.

– For å seie det slik, det blei meir dyrisk enn dyrt. 

Han gjer eit par hoftebevegelsar Michael Jackson ville kneise misunneleg til.

– Godt det ikkje blei altfor lenge. Tenk om tiltaka hadde kosta skjorta mi også. Berre sjå for dykk korleis det hadde sett ut her då, blunkar han frekt.

Kaotiske møter

Det er elektrisk stemning på kontoret. Teamet til Toremann er lettare enn før krisa og nye vaner har sprunge ut i full blomekrans. Etter ein lang krangel om kor sterk kaffien skal vere i traktaren, er dei framleis usikre på om den uansett er like sterk når han kjem i kroppen.

Så starter eit møte me ikkje har sett maken til. 

– Faen, så kjedeleg… Oj! Sorry, trudde eg var muta…Skikkeleg lame, greie. Oj, om att, trudde eg hadde muta no!

– Hehe. LOL. Veit nokon kor GIF-ane er blitt av, forresten.

– Kan de…

– Kan de…

– Berre snakk først du…

– Berre snakk først du…

– Signe, har du pussa opp sidan sist? Eg kjennar ikkje att den stranda du plar ha bak huset ditt.

– Nei, Hilde, eg bur jo ikkje på ei palmeøy heller. Er du heilt dust no? Eg finn ikkje den bakgrunnen att, berre. Skål!

– No har vi venta på Børre i femten minutt, har nokon sett han i møtet?

– Eg såg han ved bollefatet for tre minutt sidan.

– Der kjem han.

– Orsak, eg, ehm, hadde dårleg forbinding.   

– Kva trur de om dybdeintervju?

– På ein skjerm?

Toremann klør seg der sola berre skin når han er på ferie langs dei nordtyske strendene.

– Ja, ja, men verneombodet er happy, seier han. 

Ny Microsoft-teknologi på veg

Microsoft har på si side føresett desse utfordringane. (Det har ikkje lukkast redaksjonen å vite meir om korleis dei har sett dette komme, journ. anm.) IT-giganten er i gang med ei eiga teneste for dei med abstinensar etter heimekontor og slapp boxershorts. 

Teknologirådgjevar Bill Gates synar stolt fram nyvinninga som vert ein hybrid mellom eit fysisk møte og nettmøte i Microsoft Teams.

– Sjå det føre deg: Alle sit ved same bord. Fysisk, altså. (Men ikkje ved hjelp av offentleg transport i stor grad, red. anm.). Ved hjelp av VR-teknologi gir me alle moglegheiten til å simulere at dei sit heime og er med via Teams. Genialt?

Me føler det digitale metanivået har nådd litt for nye høgder i rommet med gammal luft. Det oksygenfattige surstoffet gjer det vanskeleg å finne på noko lurt å sei. Tankane blir avbrutt av Bill. Bak eit par store VR-briller har han klekka ut både ei og to nye setningar for å overtyde oss.

– Då kan alle mute seg sjølv, leggje til artige bakgrunner på videoen sin, samt velge kva utsnitt dei andre rundt bordet skal sjå av dei!

Han er så engasjert at det ristar i låra.

“Så då vert det fortsatt mogleg å ha møte uten bukse på. Er ikkje dét flott?”

Bill Gates
Bill Gates ser oss rett inn i sjela. Digitalt.

Me er sikre på at auga hans glinsar bak den sorte plastikken. Det kan også skuldast det han har i buksa.

– Men blir ikkje dette valdsamt dyrt for bedrifter å få på plass? spør me gravande.

– Pøh! Bedriftsleiinga elskar å bruke masse pengar på omstillingsprosessar og slikt, så dette går nok rett heim, seier han, før han takker for praten og går rett heim.

Tekst: beeps&fluffy
Bilete: beeps

Leave a Reply

Your email address will not be published.

%d bloggers like this: