Categories
Tekst

Doktor Trump sine beste corona-tips

Sjølv om pandemien herjar, er me så heldige å ha verdas beste sjølvutnevnde ekspert på laget.

Ein mann med doktorgrad i sjølvinnsikt, samt den stolte egenskapen å ikkje sensurere seg sjølv. Det er det som er avsendar i den mystiske elektroniske posten som dukka opp i innboksen vår i forrige veke.

– Du veit. Eg er klok. Elektronisk post. Kven visste vel om det? Eg fann det opp i går. No snakkar alle om det. Bra genar.

Me blunkar hardt og leitar etter ordentlege setningar, samt eit snev av framdrift og meining i teksten. Etter et par avsnitt med sjølvskryt, fiender i austen og kritikk til media, kjem det. Vår favoritt-Donald har løysingane på Corona-pandemien.

– Ingen trur meg. Eg har rett. Vent og se. Du veit, leger, ekspertar. Kven er dei? Berre lyg. Falske nyheitar. Punktliste kan eg og.

Han kjem endeleg til poenget, ei liste med fem tips som kjem til å redde verda.

  1. Bad i gjørme. Ingen likar skitt. Ikkje virus heller. Eg dusjar ofte. Sjå på huden min. Nydeleg. Heilt naturleg. Gode genar.
  2. Ta røntgen. Du veit, dei kan sjå alt. Og då er det på ein skjerm. Dei kan viske dei ut. Du veit, Photoshop. Eg har sett dei gjere det. Fiksar bra på bileta av meg. Eg sjår bra ut.
  3. Stem Republikanarane. Coronaviruset er Demokratisk. Det er urettferdig. Ikkje min feil. Tøffe, tøffe sakar. Me vinn. Alt under kontroll.
  4. Et mais. Eg høyrde det frå ein fyr. Veldig klok. Kunne blitt president. Bra for USA óg. Me dyrkar mais. Nett som kol. Det er óg bra. Du veit, sikre jobbar.
  5. Nei. Ikkje fem tips. Det har eg aldri sagt. Feil!! Feil!! Falske nyheiter!! Media er ute etter meg!! Dårleg åtferd!!
– Eg valde ein blå doktorkuffert. Eg likar blå.

Om du ikkje klarar å følgje nokre av desse tipsa, eller ikkje klarar å følgje med på dei, rallar han vidare om at du alltids kan byggja deg ein mur for å halda deg trygg.

– Veit om ein flott stad. Du veit, taco? Kven puttar slik mat i kjeften?

Me sorterar e-posten under SPAM, og lagar oss taco. Med mais.

Tekst og bilete: Beeps

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

%d bloggers like this: