Categories
Tekst

iBelieve

Nye iDingsar du berre må ha. Løyp og kjøyp.

jobs_plakat_webDet seiast at det heile starta med epledyrking i Kina, men vår historie starta med ein skummel plakat i tilnærma svart/kvitt. Nysgjerrige som dei lange nasene våre er, måtte dei jo berre legge seg oppi det.

Religiøs event
iDet hemmelege lokalet står skjermar og laptopar på rekker og radar. Bak dei sit kyrkjelyden, nest meir religiøs enn paven. Dei betal gjerne avlatet som krevst for å komme inn iAppriket. Det lys ut av dei firekanta augo på dei, som på baksida av ein Macbook. Ved sida av oss sit ei jente med dei siste dingsane trygt plassert foran seg. Tine, står det på navneskiltet.

– Eg berre må ha det. Tine gliser iMjølkebarten.

På ein 27 tommar stor skjerm overførast sendinga frå den amerikanske vestkysten. Alle venter spent på kva overhovudet har tenkt å seie. Då tonane frå preludiumet til Coldplay ebbar ut, kjem ein mann på scena. Svart genser, joggesko, runde brillar. iSteve. Sjølvaste sjølve. Alle klappar. Då dei har sluta med klappinga tek iSteve fram The Holy iBook, og siterar strengt frå Jobs 1:34-16.

– Du skal ikkje ha andre dingsar enn iDingsar, du får ikkje sjå på naken hud, du får lese bøkane me godkjenner, programmene me godkjenner og tjener penger på, du kan ikkje bruke dingsane med andre.

iThing
– Sjekk denne nye maskina. Revolutionary. Du kan sortere bildane dine. Awesome. Du kan klippe samen ein video av noken som badar. Magic. Du kan høyre på musikk. Extraordinary. Og du kan tafse på han og spare fingeravtrykkane dine til seinare. Perfect.

– Men det gjer eg jo også på PC’en, innvendar me.

Tine sett blikket i oss som om me var Bill Gates x 2, før ho tek eit bit av eplet sitt og kastar resten. På scena viser ein mann korleis ein kan bestille ferien sin på iNternettet, og lagre detaljane i eit dokument. Det er så enkelt. Og er det ikkje kult også? Kyrkjelyden går av hengslane og kjøpar ein til kvart rom heime.

Bakrommet
Då Tine og resten av saueflokken har pakka samen dei nyinnkjøpte unødige iDingsane snik me oss inn på bakrommet. Tre vise menn testar ut den nye iDingsen, medan dollarteknet glinsar i augane deira. Den sjår prikk lik ut som den forrige, men no kan du sylte ber med han óg.

– Tingesten blir meir populær enn Maria Amelie, herpes og VM på ski tilsaman. Alle vil ha han!

At eplet dett langt frå stammen er ein utgått metafor. Som Eva iParadis ynskjar dei no at eit bit av kvart eple er nok, før du skal skaffa deg eit nytt.

tekst: fluffy&beeps
bilete: beeps

2 replies on “iBelieve”

Men iHuleste då. Ikkje mobb. Eg elskar den bokstava. Eg gremmas ennå over at ikkje mora mi kalde meg iVar eller iNgve i staden.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *