Categories
Tekst

Medan me ventar

Lurar du på kva me ventar på? Det gjør me og. Klikk deg inn og finn ut saman med oss.

Ja, no trudde du kanskje at eg nett meinte jula? Det gjorde eg ikkje. Eg ventar heller ikkje på NAV. Ikkje enno i alle høve. Eit nytt utspel i hijab-debatten då? Eller eit nytt bilete av herr Fritzl? Neida, eg ventar på noko heilt anna. Kva då? tenkjer du no, tenkjar eg. Er bilete då heilt urelevant? Ja, det vil eg seia. Eg sa det og. Det er manipulera og. Kva seier du? Kva handler det då om? Det handlar om å venta, sjølvsagt. Nett som du no ventar på kva i granskogen dette handlar om.

Eg ventar på å høyre nokon seie noko om Paradise Hotel. TV3 har lagt på biiper, ja, ikkje han biip biip frå bippe stankelbein og ulven, men lyden biip. (det hade vore meir spanandes om dei hadde lagt bippe stankelbein oppå banninga, red. anm) Amerikanske tilstonder, kan ein seia(og du sa det igjen, red.anm) Heldigvis har dei behaldt nakenheita, så me slipp bippe stankelbein på den. Visste du forresten at du finn nakenbilder av bippe stankelbein på nett? Det gjorde ikkje eg. Men eg fant dei allikevel, så no veit eg det. Dei lå i kofferten til Paris Hilton. Ja, under eit bilete av ein påkledd ein. (kvifor kleddde ho ikkje bare av og på bilete og spara eit ark? red.anm.)

Men no treng eg ikkje vente lenger, for eg har sagt det sjølv. Ja, det om Paradise Hotel altså. Men eg likar at dei er nakne, då. Heilt sant, eg lovar. Eg er naken sjølv eg. Nett no. I nettoen. I skinnsofaen. (Gnikk gnikk, red.anm.)

fritzl_thumbTekst&bilete: SluSh

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

%d bloggers like this: