Sjuke svinepelsar

svinegutt

Nøff, nøff. Så på trynet kan det gå. (Illustrasjonsbilete: Eit kamera)

-Atsjo, seiar grisen Gisse.

-Prosit, seiar me bakom gassmaska me har på deling.

Det var slik det heile byrja. Eit usseleg nys frå ein ussel gris. Men om ett var det ikkje reven som raska over grisen. Som når det bles og du ikkje veit kvar vinden kjem frå, fordi du ikkje har med deg kompasset, slik feia svineinfluensaen inn over garden til grisebonden G. Risholt frå Svinesund.

– Nei eg sto og snurra rundt og skjøna ikkje så mykje då det traff meg med nordavinden som kom frå alle kantar. Nett som spekeskinka når eg gløymar å bøya meg når eg er på låven. (Og på den låven sit ikkje nissen, red. anm.)

Ingen perlar for svin

Risholt har inga svin på skogen. Alle grisane ligg nemleg i bingen, der dei purkar og søv. Stemninga er ikkje i taket. Den er heller ikkje på veggane. Kor han er, det veit ingen. Grisane lettar litt på flesket.

-Før var kast grisen eit arteg spel, men no er det ramme alvor. No kastar dei oss i kverna ein etter ein etter to, hylar Gisse i kor, og kikkar bort på edelgrispakka frå Gilde. Ho er ikkje like edel lenger. Men trass i motgangen forsøkar grisane å halde motet oppe.

-Sjølv om me er satt i karantene har me hatt griseflaks. Dei har lagd att ein kortstokk, så me får i alle høve spelt gris, gryntar Gissebassen vidare.

Ulv i svineklede
Nokon som derimot er nøgde med svineriet er Noregs Ulveforbund.

– Dette er svinaktig bra. Grisane har alltid skulda på oss når det har gått dei gale. Men det var ikkje ulven som blåste inn døra hos grisane denne gonga, seiar leiar i forbundet, Liv Ulvmann.

-Eg er lei av alle som ropar Ulv, Ulv. Me skal no starte ein grisetøff kampanje som heitar Gris, Gris. Snart er det ikkje lenger ulvane som er nokre svinepelsar.

Grisebonden klør seg i øyra og kjempar mot høgtrykket i magen. Med eit kom ein ekstra laber bris.

-Orsak, det er godt det luktar svin her frå før, seiar han. Om leiar i Noregs Ulveforbund har han berre ein ting å seie.

– Eg skal gje ho grisebank, avslutar han, før han snur seg mot vinden, snurrar rundt to gongar og prøver å setja halen på grisen. (Men me sjår at han juksar, for han har ikkje bind for augane (Ikkje libresse altså (red anm.)) (red anm)).

Ikkje berre krøll på halen
Med ett lydar eit voldsomt nys frå bingen. Då me kjem inn at har Gisse allereie lagt seg med varmeflaske på hovudet, termometer rett under halen og ein flaske Gammel Dansk i syltelabben. Det er inga tvil. Svineinfluensaen har nådd garden.

-Då har eg i alle høve fått noke ut av dagen, sleppar Gisse frå seg.

Tekst&bilete: fluffy&beeps

VN:F [1.9.14_1148]
Rating: 4.0/5 (2 votes cast)
Sjuke svinepelsar, 4.0 out of 5 based on 2 ratings
(Visningar: 173)

3 comments to Sjuke svinepelsar

  • AT også me i fleiebede.no tar for oss svineflua, synast eg er heilt rikteg. Men at me også er med på å hausa opp stemninga, syns eg er forkasteleg. Eg tar herved avstand frå denne artikkelen, i eit håp om at svina skal komme hjem frå skogen. Så stor avstand tar eg, at eg ikkje kan høyre når treet dett i bakken. Ikkje kan eg sjå det heller. Dett det då eigentleg? Treet som ikkje falt drepte svinet som ikkje har svineflua. hipp hurra for fyrste mai!

  • beeps

    Atsjo! Prosit!

  • […] Hugs også å lesa den gripande historia om korleis svineinfluensaen kom til gards her. […]

Leave a Reply

You can use these HTML tags

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>