Categories
Tekst

Saftig jul med Tone og Aksel

Tone Damli Aaberge og Aksel Hennie kjempar mot media og julestria for fyrste gong under same tak.

Tone Damli Aaberge og Aksel Hennie kjempar mot media og julestria for fyrste gong under same tak.ToneAksel_w

Det er vinter. Det er kaldt. Vinden tek tak i det han kan i eit skikkelig julebrus. Der du bur er det kanskje snø, men det er i alle fall ikkje noko julestemning i stova der saftprinsesse Tone Damli Aaberge og lett oppbrukte Aksel Hennie har forskansa seg som eit resultat av det valdsame mediehysteriet dei ikkje kan fordra.

– Det er det det ikkje er, det, utbryt kjendisparet i kor som julebukkar, når me passerar dørstokken inn i det Aabergske/Hennieske pepperkakehus. Men noko godteri får dei ikkje, då dei ikkje er utkledt.

– Me er lut lei Se og Hør. Lut lei jula. Lut lei julepynten. Lut lei lutefisk óg, seiar Tone Damli Aaberge medan ho lutar golvet og spelar på lut(t). (Hehe, var ikkje den triksen? red. anm.)

Aksel Hennie har nett hengd tøflene opp til tørk. Soppen vil han ikkje snakka om, for som han seier; den kan vere både her og der. Ein veit aldri kvar den dukkar opp neste dag.

– Julaften, ass, skyt han raskt inn. Me har ikkje stilt eit spørsmål enno, og kjenner at dette fort kan bli ein kjeldestyrt juletrefest.

Grisar og dorullar
– Ass ja, sklir Tone inn i rommet. Men sokkane er glatte og ho trynar med eit krumkakespring på rygg.

– Dykk har vel lest intervjuet mitt i Massiv, seiar ho unnvikande. Eg er glad i mannebein eg. Eg står for den kommentaren, ja. Hehe. Mannerumper og. Ja, eg er ikkje flau over å fortelja det til dykk. Kvifor trur du ellers eg bur i hop med ein gammal fis som Aksel?

Me føler oss litt som mellom barken og veden, der me sitt og høyrar på at Tone serverar ei skikkeleg peppernøtt. Sjølv om hjernen knakar kjem me ikkje på svaret på strak arm og tom mage.

– Fordi han var stjerna i Max Anus, vel!

– Max Manus, kremtar Aksel, og tek opp ein bit av ein dorull.

– Samme det. Då har eg kanskje sett feil film. Men han er jo ikkje akkurat ein fattigmann heller, fnisar Tone vidare. Ho reiser seg opp på kneståande og tek frem VISA-kortet. Aksel puss nasen.

-Orsak, seier han. Eg trur eg blei smitta av grisen i fjoset. Eg må ta og måla tempen på han. Tone hintar frampå noko om at det blei for mykje rumpesnakk for Aksel.

Medan Aksel er på firsprang med grisane, legg Tone ut om nakenbileta som florerer på nettet.

– Det er jo inga stor sak. Ikkje å finne dei heller. Berre sjå, eg brukar noko som heiter Google og søkjer på Tone naken. Det er månge som gjer det. Men altså om bileta… Nokon slit meir med stoffskifte enn andre. Om eg blir varm berre kler eg av meg, seiar ho, og vips ligg ho i berre undertøyet på skinnfellen foran peisen, tek bilete med mobiltelefonen og oppdaterar bloggen sin på ein, to, tre. (Men ikkje meir enn det. red. anm.)

Raskt sendar ho Twitter-meddeling med oppdatering av bloggen.
Temperaturforandringar
Aksel får melding på mobilen, spring att til stova, lagar seg ein kopp varm kakao før han sjølvsagd trykkar på lenkja han har lenkja saman til joletreet dei ikkje skal ha.

– Auuu! skrik Aksel tostemt til ei kjend julelåt dei ikkje høyrar på. Raskt konstaterar han at den varme kakaoen gjekk litt for fort ned, og brende mandlane hans.

– Han er ikkje alltid så gløgg han Aksel. Eg trur han er ribba for eit eller anna viktig i hjernebarken, parerar Tone raskt og blunkar reddande bort til Aksel. Han sjår ut som om han har fått ein skikkelig juleknekk.

Stemninga byrjar bli kjøligare enn julesnoen dei har oppbevart i frysen sidan i fjor, men som dei no skal skylda ut då dei ikkje skal ha jol, i motsetning til kakaoen, som fortsatt brenn kremtoppen Hennie, og Tone som følar seg heitare enn Sandra Lyng Haugen på skinnfellen. For å få retta på humøret og det skeive uttrykket dei to kjendisane har plassert i anletet, spør me om ikkje Aksel kan fortelja litt om livet som filmskodespelar. Aksel lys opp som ei julestjerne dei ikkje har.

– Jo nå skal du høyra. Eg er jo verdens beste skodespelar ass. Berre spør Tone.

Me snur oss i ring og klappar Tone på hovudet. Ho dreg fingen ut av nasen og mumlar noke om sommarfuglar og ein sang for oss. Aksel ristar på svansen.

– Eg var jo på filmfestivalen i Berlin og mottok denne berlinerkransen, seiar Aksel stolt.

– Din nisse! Han er ikkje din! Du berre passer på han!

Tone sett skapet på plass. Heilt inn til veggen i hjørnet, så skapdørane ikkje kjem i konflikt med sofaen, der smulane frå gårsdagens grillmiddag ligg. Grillukta gjer oss svoltne, så me hintar frampå om dei har noken kakar å diske opp med.

– Eg treng ikkje julekaker, svarar Tone. Eg har jo verdas søtaste kakemann her allereie. Så blir eg svolten kan eg heller sutta på han.

Tone og Aksel byrjar smaska offentleg, og leitar etter fotografar som kan ta bilete av dei.

Me synes dette var kokosmakrona på verket, så me hjortetakkar for oss, pakk sirupssnippsekken og sparkar heimatt til skikkeleg julestemning.

akseltone_thumbTekst: fluffy&beeps
Bilete: fluffy

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *