Kul, kulare, Kulio

holmenkollbakken_adHer gjeld det ikkje å hoppa av.

Bjørn Einar Romøren satte utfor Holmenkollbakken den andre kvelden i mars 2010. Det skulle han ikkje ha gjort. For det var Anette Sagen som skulle gjere det den tredje kvelden. I mars altså. Den fjerde kvelden kvilar dei. Og strekk ut.

Me har snakka med vår kjelde i Kollenhopp, laget som hoppa litt for tidleg i svingen, som sitt på ein stol og drikk kaffi han ikkje har laga sjølv. Dagen har vore full etter sveva i går, og koppen hans er også full, så han berre legg ut me ein gång me kjem uten å ha fått eit spørsmål.

– Nei, bønene oppi her er frå eit varmare land. Der har dei plukka dei, brent dei og send dei til Noreg. så har eg kokt vatn og helt oppå dei.
– Ja, det kan vere, seier me, men det er ikkje Nescafeen din me er her for. Dessuten likar me bedre filterkaffi. Me lurar jo på det med Sagen og Romøren? Om hopping og humping og skisport utan stavar.
– Nei, jenter, nei. Dei landar berre på kulen. Sidan dei jo har ein kul og to sjølv, så er det naturleg, påpeikjer han.
– Kanskje dei heller burde drive med kulekjøring?
– Det er ikkje kult det lenger for dei, sukkar kjelda vår og sukrar kaffien.

Turbulent
På gangen sitt ein fugl med avklippa vinger. Han skal ikkje hoppa denne historiske opningskvelden. Denne beslutninga tok han i ei pressemelding på ettermiddagen og kommenterer ho sjølv:
– Det er ei beslutning eg har respekt og forståelse for, seier han om si eiga bestemtheit. Noko han blei sitert for på VG si nettside.

Me kikkar på jakkekrokane over han.
– Me forstår at skia får hengja i fred for no, altså?
– Ja, eg har forstått at eg har forstått det slik, og eg har respekt og forståelse for denne oppvåkninga og.

Eit par telefonar
Me forstår ikkje kva han seier, og drar heim. Når me kjem heim att ringjer Bjørn Einar til fasttelefonen vår. Me tek opp taletuten:
– Hallo?
– Det er eg, Bjørn Einar. Ville berre seie at eg har forståelse for at dykk dro heim.
– Du var litt uklar, skjøner du? Kanskje det er noko du vil dele?
– Jau, men eg veit ikkje om eg burde eller tørr, for den saks skuld, seier han lavmælt.
– Prøv oss, seier me, altså berre den av oss som helt taletuten, men den andre står me øyra inntil og høyrer også på. Dessuten pesar sistemann av oss litt og. Han kom nett opp trappa då det ringde med potetar.
– Ehm…eg…eg ville berre sei om at om dykk skal ha tacos i dag…
– Hæ?
– Kan eg komme til middag då? Sagen vil ha meg med på sushidate, men eg likar det ikkje.
– Nei, me skal ha fiskekaker, svarar me.
– Å ja. Då så.

Han legg på. Me går og lagar brun saus. Då ringjer det igjen.

– Nei, me skal ikkje ha tacos, seier me, mens taletuten rettas mot truten.

Men det er ikkje Bjørn Einar. Det er den hemmelege kjelda vår i Kollenhopp, Herr G.
– Samme for meg. Eg skal berre ha pølse i lompe under rennet. Men eg ville berre seie noko meir.
– Om Sagen då kanskje? Ei orsaking?
– Nei. Men det er om Sagen.
– Kva? Me byrjar bli utåmodige. Fiskekakane er ferdige.
– Ho tror ho er så kul. Men det ender sikkert berre me grining og kul på hovudet som eg må blåsa på. Og det er eg lei av. Og tungpusta er eg og.

– Eg kallar ho berre “kulio”, kjem det snurt.

holmenkollen_thumbtekst: fluffy
bilete: beeps

VN:F [1.9.14_1148]
Rating: 3.7/5 (3 votes cast)
Kul, kulare, Kulio, 3.7 out of 5 based on 3 ratings
(Visningar: 188)

Leave a Reply

You can use these HTML tags

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>