JA, FLEIBEDE AVSLØRER: Ja, slik er journalistikkens store løyndom

Ja, slik begynner ein gripande artikkel. Tør du gå ned i det journalistiske kloakksystemet? 

Me som held til her på den halvskitne delen av internett kalla Fleibede har løyst gåta. Ja, det trur me. Gåta går til bunns: Korleis du også blir ein rivande god journalist på ein, to, tre og kan heve gode pengar for det (rimeanm.).

Ein tekst med greip om nasen: Og det beste av alt er at du ikkje treng å finne noko særleg til sak heller.

Ja, det er no ho kjem, avsløringa (ikkje kjerringa, red.

anm.)

Ja, slik er det: Berre ta noko alle veit, eller i alle fall alle i den kule storbygjengen du vankar i, veit. (Det kan også vere ei sak som er personleg for dei du kjenner, men skitt au, du gjer saken stor, og gjengen, og offeret til og med, digger deg for det. Det er eit løfte. (Red. anm.) Du tek altså det alle veit, og så bruker du trikset du har litt skjult under hipsterermet ditt: Start saka med “Ja,…osv.”. Det er det heile.

Ja, slå opp på internettet og sjå sjølv. Og legg også merke til kor snedige dei er. Ja, for ikkje at nokon skal stjele trikset deira (sjølv om me på Fleibede no har ødelagt alt for dei) kan det også hende at trikset ikkje blir brukt i tittelen på saka, men i ingressen. Freidig, men som dei sjølv sier: Ja, me tok dei med nasen nok ein gong.

Ja, me har døme

Ja, for du trur vel ikkje at dette er noko me finn på? Jo? Sjekk desse døma.

Ja, Fleibede har no avslørt det største trikset i journalistikken. Me veit at det kjem til å bli sjau og at me kjem til å bli uglesett med smale, småbrisne auge av det etablerte, “seriøse” journalistiske miljøet. Ja, men det drit me i, tenk. Me koser oss som best i skogen.

Ikkje overbevist? Søk og finn sjølv, og legg lenka i kommentarfeltet. Ja, tør du gå ned i det journalistiske kloakksystemet?

Tekst, bildeinnsanking (med berplukkar (red.anm.) og djuptgåande graving (med liten hagespade (red. anm.)): Fluffy 

VN:F [1.9.14_1148]
Rating: 0.0/5 (0 votes cast)
(Visningar: 65)

1 comment to JA, FLEIBEDE AVSLØRER: Ja, slik er journalistikkens store løyndom

Leave a Reply

You can use these HTML tags

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>