Categories
Tekst

Hellstrøm i stjernane

TV-stjerna blei stjerneglad då han fekk tilbake Michelin-stjerna han hadde mista.

hellstrom_stjerne
Klikk på meg! Koz frå Hellstrøm

TV-stjerna blei stjerneglad då han fekk tilbake Michelin-stjerna han hadde mista.

-Ein pluss ein er to, ein pluss ein er to! Eyvind Hellstrøm hoppar rundt i rommet. Me skulle nesten trudd han var med i “Reisesjekken” på TVNorge, men det progammet er jo nedlagd for mange år sidan.

Det var i fjor at den Hellstøm-drevne stjernerestauranten Bagatelle mista den eine Michelin-stjerna si. Me i Fleibede oppsøkte stjernekokken for å bli fortald og få høyra den gripande historia, og få svar på om det heile verkeleg var ein bagatell.

-Eg hadde nett pussa den eine stjerna med stjernelakk, og vesletåa med neglelakk, då ho, stjerna altså, ikkje tåa,  plutseleg skvatt ut av fingrane mine og forsvann. Å nei, tenkte eg og slo meg til panna. Det gjorde vondt. Au, sa eg. Ikkje høgt altså, men ikkje inni meg heller. Ikkje lavt heller. (Midt i mellom red. anm.)  Eg fekk litt vondt. Ikkje av skriket som var på midten altså. Eg fann jo ut etter kvart at eg hadde tatt feil av stjernelakken og gledesmiddelet. Ja, altså, ikkje det at eg treng det… Hehe.  Du kan jo seie det var ein skikkeleg stjernesmell, kokar Hellstrøm opp i hop. (Heilt uten oppskrift, red.anm.)

Men så vart alt stjerneklart.
Dei heile løysa seg då Mattilsynet trappa opp på trappa til Hellstrøms tram. Etter at dei hadde gravd i dei skitne frityrgrytane og dei dårleg vedlikehalde lokalane, fann dei ho (altså stjerna, ikkje tåa) att når dei leita blant skitten muselort.

-Eg visste at Mattilsynet ville gjere jobben sin. Ikkje spør kvifor. Me er litt i samme bane, me. Indre og ytrefilet, skjønar? Hehe. Begge har stjerner i sikte, rapar Hellstrøm og tar ein sausdans.

Me latar att nesebora og tek fram paraplyen.

Hellstrøm har i haust vært stjernekokk i TV3 der han har stappa i seg med matvarar og kjefta og smelta smør. Og litt margarin, og masse Margarita. Men ikkje olivenolje.

– Det brukar eg berre på fredagskveldane, når det blir litt seint og leopardskinnet ligg utover på landet, og du og eg har funne oss ein gstreng, glinsar han til ei kjærleiksvise av Halvdan Sivertsen.  – Og fire kalde pils har gåt ned i Hanne…

Me avbrytar sangen hans, me må vidare i fortellinga.

-Eg er berre meg sjøl, og byr på det eg har. Så er det opp til andre om det smakar godt eller ikkje, legger han til, medan han tek ein slurk vin.

Feirer med stjernane
Vinen han drikk er ein av dei dyraste vinane som finnes på polet. Dyre vinar har ei høg stjerne hos Hellstrøm. Så Michelin-funn slipper ikkje unna feiring med vin og stjerneskot, og kanskje noken andre kjente stjernar.

-Eg får invitere Polarstjerna. Dette vert uansett nesten som nyttårsaften, forutsatt at det er stjerneklart. Forhåpentligvis feirar eg så mykje at eg går i bakken snart. Då får eg kanskje sjå fleire stjernar, avsluttar han. Me skålar i raudbrus og stikk heim.

hellstrom_thumbTekst: fluffy&beeps
Bilete: beeps

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

%d bloggers like this: