Halen mellom beina til ti blonde frøkner

FLEIBEDE KOMMENTARAVDELING: Me tar på kommentarhatten – den vanskeligaste å bera i eit mediekonsern som fleibede.no.

070704-N-2855B-008Det er slik me byrjar vår kommentar; den fyrste ordentlege analysejournalistikken på fleibede.no. Me har fått nasen ut av teikneseriesidane og animasjonar og spel om dumme dyr som lagar rare lydar. No er det alvor.

Kattemannen løper, og så krasjer lett
Det heile starta som kjend i november i Herrens år 2009. Eit hanndyr, me stripar så fine, brumma lett med klørne fast om eit ratt. Som ein god tiger sirkla han mot eit tre, slik eit tre alltid lokkar ein tiger, redd i ein jungel av lydar, asfalt og freistingar. Treet kom for fort for vår graisøse Esso-maskot (altså ein tiger, red. anm.) og ein brannhydrant like så.

– Det er greitt, tenkte vår venn. – Eg har råd til noko ny lakk.

Men det var ikkje berre dei rullande potane som viste seg å ha ei ripe i lakken. For køllas Don Juan hadde nemlig tatt fleire hòl i nærare augesyn enn dei 18 han hadde lova si kone å besøke. Golftigeren tørkar hendene på Tiger of Sweden-buksa han fikk av kona til jula som kjem. Fleire presangar kjem nok ikkje frå den kanten i år.

“Verhåra reisar seg bland dei med korte skjørt.”
– Fleibede kommentaravdeling

Kattemannen knurrer, og så smiler søtt
Tiger Woods legg ned damer slik Magnus Carlsen legg ned sjakkbrikker medan han drikk jus. Korvidt Carlsen kosar seg med ein lynrunde mellom omgangane med alvorlege russiske menn veit me ikkje, men hans sportslege kollega frå stemmetellemeisterdelstaten Florida (som også produserar jus, slik Magnus Carlsen drikk under sjakkfeider, red. anm.) er i alle fall ikkje redd for å ta for seg.

Ved å knurre litt som tigrar flest, for så å traske på smidige potar i bukse med press og solskugge på hovudet er det tydeleg at verhåra reisar seg bland dei med korte skjørt (også dei med press i, red. anm.) som med strake bein og platina hårfarge står og ser freudianske metaforar berre fly forbi i sola.

Kattemannen klorar, og så maler bløtt
Men at det å vera sportsgut er det enklaste i verda er noko alle veit. Sjølv om vår stripete protagonist driv med ein sport som egentleg berre inneberar å slå til ei kule for så å ta ein tur over plenen for å finne ho att, måtte den brunstige hannkatten ta pause frå dei 18 hòla medan han gjekk i terapi for avhengnaden av same antall andre hòl. Som ein katt i eit tre har han berre venta på det harde møtet med asfalten nedføre.

Og sjølv om han i etterkant har forsøkt å mala så søtt som ein kattunge etter ein boks whiskas, har no holemaskinen og hans svenske heimeverande modell bestemt seg for å gjere som sausen, nemlig skilja seg. Som ein midtskill kjem hus og heim til å verte fordelt med hard pote, formuen med. Og det spekuleres ikkje lavmælt om at den svenske blondina blir serdeles rik på hannkattens nattlige jaktturar.

“Han knulla seg frå eit rykte og har satt pengebingen i stagnasjon.”
– Fleibede kommentaravdeling

Så medan Elin tek lommeboka, og Tiger kjem til å stå att med alle blondinene, kan me ta oss i å filosofera over fakta, rykter, svermeriske historiar, intriger og anna snusk med denne affæra, og dernest konkludere:

Han knulla frå seg eit rykte og har satt pengebingen i stagnasjon, men etter alt han har vore gjennom er alfahannen no fri til å springa avgarde mot nye plenar med nye hòl å besigre.

tigerkommentar_thumbTekst: fluffy&beeps

VN:F [1.9.14_1148]
Rating: 0.0/5 (0 votes cast)
(Visningar: 80)

2 comments to Halen mellom beina til ti blonde frøkner

  • Leif Johan

    Sex, sex, sex. Er det alt dykk i fleibede.no bryr dykk om? I tillegg til teikneseriesidane og animasjonar og spel om dumme dyr som lagar rare lydar sjølvsagt. Hadde det ikkje vore for at det selgjar så bra, hadde eg bett dykk om å sluta.

  • beeps

    Jau, og nei, og takk.

Leave a Reply

You can use these HTML tags

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>