Categories
Tekst

Dustanes Institutt. Vil du verkeleg?

For nokre er det ikkje pengane det står på. Eller intelligensen.

holmenkollbakken_adSkulane har starta att. Det er vått (i alle høve når det regnar red. anm.) og det blir mørkare. Men dumskapen den breiar om seg som pandemi på bondegardar. For å bøte på dette flokkar me som sauar med munn- og klovsjuka til skular, kurs, forsamlingar, verkstadar, bedehus og slaktehus. Det er alt det same. Skittent. Heilagt. Ein gral for vidarekoming og bløtlegging av tørre hjernar og bark.

Det er stress å få noko inn i skolten. Så om du ikkje gidd treng du ikkje heller, for alternativa er der. Men det er ikkje gjennom Samordna opptak lukka ligg. Lukka er der du bur, berre ikkje der du trur, syng Hanne Krogh den gong ho ikkje hadde lappen. Studentane me snakkar om har også lappen. Men ikkje alle. Men dei som har, har. Noko særlig anna å skryte av har dei ikkje.

– Lukka er å gå på DI.
Dette er orda til DI-rektor D. Usterud. Han er sjølv utdanna på Dustanes Institutt (DI, red.anm.).

– Og berre sjå kor eg er no! Sittande bak ein stor pult!

Me sjår på pulten, og konstaterar at, jo, han er stor. Inn på kontoret kjem plutseleg ein student.

– Herre, min hatt! studenten rettar på den fjollete flosshatten han rappa av Indigo, ein figur som avslutta si karriere på skjermen før studenten blei fødd. Men me tek oss ikkje bryet med å spørre. Han veit det vel ikkje sjølv. Dessuten misforstår han kraftsalva om herre og sin hatt. Kva i all verda gjer eit komma der, tenkjer me.

– Ja, studenten er ivrig. Eg skal ha bankeksamen til helga. Eg må passa han (banken, red. anm.) under Monopol-kvelden på laurdag. Klarar eg det kan eg byrja å jobbe i bank. Bak ein stor pult. Eller kanskje der dei selger sånne brettspel. Eg kan byrje på ein middels disk og arbeide meg oppover.

Studenten har stjerne i augene. Det er etter sminka hans.

– Til slutt har eg kanskje klatra heilt til topps, slik at eg står oppå disken.

Så fallar han nesten saman.

– Men, korleis skal eg komme meg ned att frå disken? Eg er redd.

– Bank i bordet! seiar rektoren stolt og gjer som han seier, nemleg bankar i bordet. (Det vil sei pulten (Den store, red.anm.)) Studenten skvett til og gjeng for å opne døra.

– Hæ? seiar han kryptisk til seg sjølv medan han grer det platinablonde håret bak i nakken, stryk piquet-skjorta med vatndamp på 60 gradar og rettar på det rosa pannebandet.

– Ja, ja, eg stryk no aldri på DI, kommenterar han tørt, fordi han er tørr i munnen etter DI-kroa. Det blei seint. Hall toll, påstår han. Me kan godt få oss til å tru at ord ikkje er det han har mest av.

Frå støvete korridorar
– Dei har krangla til seg niårig skulegang, desse idiotane. Men nokon av dei skjønar ikkje at det får vera grensar. No lagar dei eigne instituttar for dustane.

Bak ein brun pult, eit par kaffikoppar, eit lett slør av støv og ei bunke gulna ark sitt pedagogisk forskingsleiar I. Forgårds. Han har forska på fenomenet DI.

– Eigentleg burde dei kalla skulen sin for NAV-instituttet, for det er nok der dei kjem til å ende opp alle saman. Berre fordi dei har fått tak i pengar på eit vis og ikkje veit å kle seg betyr ikkje at me må ha eit tilbod for dei óg.

Forgårds flekkar opp bevisblokka si. Der har han skrive ned argumentane sine med perfekt løkkeskrift.

– Eksamen utforma som tippekupong, strikkhopp i friminutta – både jentane og gutane; metrofile sutrekoppar. Og ikkje matpakke. Dei har vel varm mat i kantina óg dei! brummar han.

Hissig tek han på seg hatten og går. Døra tek han også med seg.

– Ja, eg får ikkje så mykje i løn, her i det offentlege. Han bannar på vei ut av lokalet, og gjeng raskt heim for å sjå den danske filmen Idiotane.

– Der er det folk som har seg med kvarandre. Ha! Det er noko anna enn det eg finn på kontoret. Kanskje berre hybelkaninane.

Men alle veit jo kva kaninar er i stand til.

– Men eg er for gammal. Men dust er eg ikkje. Din idiot.

tekst: fluffy&beeps
bilete: beeps

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

%d bloggers like this: