Arv og miljø: Kan det vere båe delar?

Kva trur du? Arv eller miljø?

Kva trur du? Arv eller miljø?

Det er ikkje berre professorar og bedrevitarar det er plass til i akademiske tidsskrifter. På dansebandgallaen har dei også meiningar. Og Jånni og Tåmmi er to som har ekte campingblod.

Arv og miljø heng i hop som hand i fotformsko. Men veit du forresten kva du drar i båe endar?

Skolissa

– La oss no komme oss inn på temaet, seier Jånni, medan han festar borrelåsen og spør kva Tåmmi har arva.

– Mykje søl, eigentleg. Og ei kaffikvern og ein radio. Veldig fine er dei òg. Med dei blir eg kongen av campingplassen.

Tåmmi vendar øyret mot scena der Kalle med fela prøver å få stemninga i taket med ein julenissejenka.

– Jaja, endeleg godt kjerringa ikkje kan spele trekkspel. Det er sikkert fordi ho ikkje har musikargenar i seg, seier han.

All diskuteringa kring arv og miljø gjer Jånni tørst. Men Tåmmi må takka nei til tilbodet om fem gule enkar i baren. Han har nett betalt arveavgifta for radioen.

– Før neste dans på Skjermertopp må eg uansett ha noke å ete, seier Jånni febrilsk. Kor skal me gå då?

McDonalds
– Det gjorde jammen godt. Du kan seie kva du vil, men det blir ikkje det same med fire pils og resten av eit fenalår.

Tåmmi slikkar opp ketsjuprestane frå skjorta til Jånni.

– Nei, så tjukk du har blitt. Jånni kneppar inn magen medan han seier det.

– Det har eg i alle høve arva etter far min, repliserar Tåmmi.

– No talar du tøys. Krøll opp tunga di og sjekk arvetreet ditt. Du har jo to mødrer.

– Jau, men ryddige var dei. Heiv søpla med. Oppfostra etter gamleskulen.

– Men du då, Tåmmi?

– Nei, eg sorterer avfallet. Papp i brunt og grønsaker i grønt. Er du heilt pling i skolten? Miljøforsøplinga er det alltid generasjonen før deg som har skulda for.

– Så då er svaret arv då, spør Jånni?

– Nei, eg skuldar alltid på miljøet og traskar i veg. Eg drar der mine hjulbeinte to tek meg. Ein får vere som ein er om ein ikkje vart som ein skulle.

arvogmiljo_thumbtekst: fluffy&beeps&SluSh
bilete: canon

VN:F [1.9.14_1148]
Rating: 4.5/5 (2 votes cast)
Arv og miljø: Kan det vere båe delar?, 4.5 out of 5 based on 2 ratings
(Visningar: 109)

Leave a Reply

You can use these HTML tags

<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>