Categories
Tekst

Antiklimaks

Den gripande historia om klimakonferanse og skogindianarar, Evian-vatn og Lille Høvding pølsebrød.

Væpna med argument frå sin gode ven Frederic Hauge sit Jannik Lima i helikoptersetet på veg til klimakonferanse på Svalbard.

Ein skjør klode, nett som silkekjolen eg kjøpte på weekendtur i Kina, imprentar Jannik Lima.

Gardermoen 06:00: Jannik stig ut frå ein grøn Hummer, og gjer sjåføren ein klem før ho hastar så stiletthælane klappar som gallopperande hestar på brustein på veg mot helikopteret.

– Eg er så stressa no, eg har ikkje tid til å prate, me får ta intervjuet i lufta, pesar ho før ho tek eit siste langt trekk, bles røyken hardt ut nasen som ein hissig hingst og tråkkar målbevisst på stumpen som ligg på den nylagde asfalten.

Farsund 07:00: Skogindianaren Hasse dreg den største grana i skogen mot sankthansbålet, då lyden av eit helikopter øydelegg følelsen av idyll.

– Det er slike miljøsvin som gjer at klimaet forandrar seg. No er det snart ingen skog att å bu i.

Samstundes sprett kona Louise ut frå teltet, lett som ei fjær.

– Jau, no går alt til helvete.

– Hysj, du forsøplar språket.

Louise og Hasse har tatt mål av seg å leve biodynamisk og CO2-nøytralt. I tillegg produserar dei det meste av det dei treng.

– Frukost? Hasse byr oss eit pølsebrød.
– Det er sjølvlaga, seiar han, medan han forsøkar å gøyme Lille Høvding i buksa.
– Men du får berre eitt, for resten skal me ha til det økologiske bålet i kveld.

Spitsbergen 08:00: Medan privat-helikopteret sirklar i kø for å lande, kikkar Jannik ut vindauget og får auge på naboprivathelikopteret.

– Oi, der er jo Erik Solheim! Eg er sikker på det bor eit villdyr bak dei guteaktige augo, kneggar ho nøgd.

Det osar av avgassar når Chanel-parfymen og Elnet-hårsprayen legg seg som eit blaut teppe over den strame maska. Eit host høyrast frå kusken før det endeleg er vår tur til å gå inn for landing.

Den kalde lufta stikk i kinna. Jannik trekk minkkåpa tettare kring dei solariumsbrune akslane. Framfor miljøtoppane står firehjulstrekkarane klare til dagens teambuildingprogram – isbjørnsafari.

Jannik slår av ein prat med Solheim mens dei travar mot bilane.

– Det var jævlig kaldt her. Dei burde legge varmekablar i gata. Det har eg i heile leiligheta heime, seier ho hest.

Ho tek siste slurk frå Evian-flaska og sett ho frå seg i vegkanten. Saman med Solheim sett ho seg i baksetet på ein av bilane, tek av seg kåpa og skrur opp varmen. Så rullar ho ned vindauget og seier til oss:

– Nokon vil nok kalle meg ei merr, men eg er varmblods miljøforkjempar. Om nødvendig skal eg bruka opp alle ressursar for å redde planeten. Men det som er viktigast å hugse på er at alle må gjer sitt. Det er dei små handlingane i kvardagen som tel.

tekst: fluffy&beeps
bilete: kjøpt&betala@iNternett

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

%d bloggers like this: