Categories

Om oss

Fleibede radio var eigentleg eit radioprogram. Så dreiv me med humor i avis. Så byrja me å gå på ski i staden. Men framleis er me fleibede, og er nøgde med det. Her kjem ei lita oversikt over dei anonyme, men framleis fleibede deltakarane.

beeps

beeps
Beeps blir skremd lett, men for det meste ikkje. Difor tar han bussen fatt og dalar sjeldan ned i skjul. Til jul brukar han å lage radio, men ikkje alltid. Nokon gonger tar han ikkje bussen forresten.
Av og til bestemmar han seg, av og til ikkje.

cialis best prices

Kanskje?

fluffy
fluffy
Fluffy har ikkje så mykje å sei. Han er ein tenkjande sjel. Hans tankar kan vandre i sjumilssteg frå fjells til havs og over halve kongeriket. Men prinsessa får han ikkje.

onkel


OnkelJ
Kven er Onkel Johannes?? Ein Kvene seiar du? Ein same? Det kan vere det same, seiar me. Ein anonymikar som ikkje er anonym i det private. Kan det bli meir kryptisk enn det?? Nei, seiar du? Jo, seiar me.

slush
SluSh (exfleiber)
SluSh er for ung til det meste. Men likevel snik han seg inn i apekattens rike. Er me med på det? Tja. Men må me akseptera det? Ja. Slik er livet, man kan ikkje alltid få i pose og bærenett. Eller i flaske for den slags skuld. Problemet er berre at flaskar inneheld mindre enn posar og bærenett. Og flaskar skal tømmast, ikkje fyllast opp med anna krimskrams.